Gjengevoll Pludrecast

78: STORE draumar

February 28, 2022 Gjengevoll Mangesysleri Season 3 Episode 7
Gjengevoll Pludrecast
78: STORE draumar
Show Notes

Sidan sist har Russland gått til krig mot Ukraina, og verda har plutseleg blitt ein skumlare og meir uforutsigbar plass. Men éin ting kan vi alltid vera trygg på: folk kjem alltid til å trenga mat, og vårt yrkes- og livsval som bønder kjenst riktigare enn nokonsinne.

For å muntra oss litt opp, løfter vi blikket og ser framover - langt framover. Kva er dei verkeleg store draumane våre? Stikkord: Det byrjar med geiter og sluttar med ei landsdekkande rørsle for å få jord i drift, folk i husa og dei gode, lokale samvirka tilbake. Vi har stjerner i augo - har du? 🤩

Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:

Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: hallo@gjengevoll.no