
Gjengevoll Pludrecast
Kva inneber det å gje opp livet og karrieren i byen og flytta på landet for å verta småbrukarar? I Pludrecast, gardspodden til Gjengevoll Mangesysleri, kan du følgja Mari og Kjetil på deira reise frå byfolk til heilstøpte bønder. I podden pratar dei om å starta og driva gard, kvardagen og utviklinga på Mangesysleriet, og større tema som livet, forretningsutvikling, politikk og berekraftig matproduksjon.
Gjengevoll Pludrecast
79: Drypp frå kurs i holistic management
•
Gjengevoll Mangesysleri
•
Season 3
•
Episode 8
Kjetil har vore på kurs i regenerativt landbruk og holistic management (eller heilheitleg forvaltning)! Etter beste evne og i koronapåvirka tilstand gjev han i denne episoda nokre drypp av dei viktigaste prinsippa og lærdomane han har fått. Her er det mykje for oss å setja oss inn i og bruka i planlegginga av gardsdrifta framover!
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: hallo@gjengevoll.no