
Gjengevoll Pludrecast
Kva inneber det å gje opp livet og karrieren i byen og flytta på landet for å verta småbrukarar? I Pludrecast, gardspodden til Gjengevoll Mangesysleri, kan du følgja Mari og Kjetil på deira reise frå byfolk til heilstøpte bønder. I podden pratar dei om å starta og driva gard, kvardagen og utviklinga på Mangesysleriet, og større tema som livet, forretningsutvikling, politikk og berekraftig matproduksjon.
Gjengevoll Pludrecast
80: Årets fyrste dugnad
•
Gjengevoll Mangesysleri
•
Season 3
•
Episode 9
Denne helga hadde vi dugnadsfolk på besøk og fekk gjort store framskritt inne i fjøset. Snart er det klart til innflytting og klipping av sauer før lamming!
Med innearbeidet nesten overstått, ligg vi greit an til å byrja arbeidet ute i hagen. Snøen er snart borte, og då kan vi førebu bed, grøfta, flytta kompost og gjera alle dei andre tinga som må koma på plass før utplanting. Det er mykje gjera, men førebels ligg vi heldigvis ikkje like bakpå som i fjor.
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: hallo@gjengevoll.no