Gjengevoll Pludrecast

84: Lamming og slaktebetennelse

April 18, 2022 Gjengevoll Mangesysleri Season 3 Episode 13
Gjengevoll Pludrecast
84: Lamming og slaktebetennelse
Show Notes

Påske! Lamminga starta tidlegare enn planlagt, og dermed vart påska litt travlare enn vi først hadde tenkt.  Ikkje for det, vi har gjort meir enn nok anna til å halda oss aktiv uansett, men for Kjetil sin del har lamminga bydd på litt meir oppstykka nattesøvn. Elles har vi no sådd så mykje forskjellige frø at alle kriker og kroker er fulle av plantar og pluggbrett, vi har tappa bjørkesevje, gjort hagearbeid og slakta hanar.  Alt fortel vi om i episoda.

Vi avluttar med ei kort, men viktig oppmoding som handlar om venskap og det å ta vare på relasjonane sine. Huk tak i dei folka du vil ha i livet, og manglar du nokon, så start ein klubb!

Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:

Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: hallo@gjengevoll.no