Gjengevoll Pludrecast

87: Bjørkebladsaft og pulpanyre

May 09, 2022 Gjengevoll Mangesysleri Season 3 Episode 16
Gjengevoll Pludrecast
87: Bjørkebladsaft og pulpanyre
Show Notes

Vi får verkeleg tatt nokre sjumilssteg når det gjeld framgang i hagen for tida. Dagane er lange og vi grev mykje i jorda. No kan vi feira at dei fyrste vekstene er kome ut, både i drivhuset og i dei ferske beda. Sesongen har starta på ekte!

Lamminga er nesten over, og vi kan gleda oss over nye tilskot til flokken. Diverre hadde vi også ei tung hending som satte sitt preg på veka som var. Livet er skjørt, og det får vi merka særleg godt i desse tidene.

Etter ein lang vinter med tæring på varelageret, markerer vi endeleg starten på ein ny sesong med nye, ferske produkt til sals. Mellom anna det som kanskje er Mari sitt yndlingsprodukt!

Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:

Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: hallo@gjengevoll.no