Gjengevoll Pludrecast

88: Samliv på gard

May 23, 2022 Gjengevoll Mangesysleri Season 3 Episode 17
Gjengevoll Pludrecast
88: Samliv på gard
Show Notes

Å kjøpa gard i lag kan vera ein test for eitkvart forhold. Det er mykje arbeid, kanskje liten tid til kjærleiken og lett for at ein ikkje klarer å ha det så bra som ein føler ein "burde" når ein endeleg får leva ut småbruksdraumen. Dette pratar vi om i dagens episode. Korleis klarer vi å ta vare på kvarandre og oss sjølv? Kva er viktig for at vi skal ha det bra? Og kva har vore utfordringane saman så langt i bondelivet vårt? 

Vi gjev også ei oppdatering på kva som har skjedd på garden dei siste to vekene. Mykje hage, men også ein del dramatikk når det kjem til dyra. For ikkje å snakke om både liktorn og ryggkink. Her er det aldri ein keisam dag, det er sikkert!

P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valgfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.

Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:

Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: hallo@gjengevoll.no