Gjengevoll Pludrecast

90: Litt for mykje

June 20, 2022 Gjengevoll Mangesysleri Season 3 Episode 19
Gjengevoll Pludrecast
90: Litt for mykje
Show Notes

Det er berre å konstatera at no er det mykje. Vi balanserer på grensa til overveldelse.

Av nyhende kan vi sei at vi har fordobla tal bifolk og laga tre nye avleggjarar av dei etablerte kubene våre, og vi har sendt avgarde fyrste pulje med grisar til slakt. Vi har kjøpt nye høner for å supplera eggproduksjonen vår. Vi står på for bare livet for å få dei siste beda i hagen ferdig, og vi slåst med nebb og klør mot sniglar, regn, kulde og jordlopper for å halda vekstene i jorda levande. I tillegg har vi hatt fyrste utlevering til grønsaksabonnentane våre, laga nettbutikk, og vi førebur fyrste mjølkerutelevering denne veka. Heldigvis har vi fått superdrengen vår Sigrid på plass, som skal hjelpa oss i fleire månadar!

På slutten av episoda pratar vi litt om ulike salskanaler og kva for produkt som eignar seg best for dei ulike kanalane. 

P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valgfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794!

Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:

Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: hallo@gjengevoll.no