Gjengevoll Pludrecast

101: Økologisk blomedyrking med Elisa Kolle

September 26, 2022 Gjengevoll Mangesysleri Season 3 Episode 30
Gjengevoll Pludrecast
101: Økologisk blomedyrking med Elisa Kolle
Show Notes

I denne episoda har vi kapra vår eigne, lokale snittblomedyrkar Elisa til å snakka om alt som har med økologisk småskala blomeproduksjon å gjera. Elisa driv Dalahagen i Bjørnafjorden, og dyrkar snittblomar for direktesal i marknadshagen sin på eitt dekar.

Kvifor er det viktig å tenkja økologisk også i blomedyrking? Korleis skil Elisa sin hage seg frå konvensjonell, storskala dyrking? Korleis omset ho blomane sine og tener pengar?  Korleis ivaretek ho jordhelsa? Dette og mykje meir snakkar vi om i denne episoda, som vert utgitt som ein del av Økoveka Bergen 2022.

Dalahagen finn du på dalahagen.no og på @dalahagen på Instgram.

Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:

Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: hallo@gjengevoll.no

P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.