Gjengevoll Pludrecast

102: Vinterførebuingar og inneproduksjon

October 10, 2022 Gjengevoll Mangesysleri Season 3 Episode 31
Gjengevoll Pludrecast
102: Vinterførebuingar og inneproduksjon
Show Notes

Tenk at det allereie er oktober! Vi avsluttar dyrkesesongen ute, og haustar inn dei siste grønsakene. I veka som kjem skal vi ha fokus på produksjon av matvarer vi kan selja på markandene før jul, og omstilla oss til å førebu oss på vinteren.

Ute i hagen skal alle beda avsluttast og klargjerast for ein ny sesong. Drivhuset tømmast, ny flis skal leggjast ut i gangane, beda skal få ny næring og jorda skal dekkast til. Det er mykje som skal gjerast no før vinteren kjem. Heldigvis har vi eit par veker med ekstra mykje hjelp, for vi har både vår faste dreng på garden og ein ny praktikant frå Sogn jord- og hagebruksskule som skal vera hjå oss eit par veker. Ekstra hender gjer ein stor forskjell!

Vi snakkar litt om dei ulike produkta vi skal laga framover, og litt generelt om planlegging av inntekter og utgifter gjennom året når ein er bonde.  Har vi nok likviditet til å klara oss gjennom vinteren og våren uten å få noko særleg med inntekter? 

Mari fortel også at ho er sjukemeldt for tida, og litt om bakgrunnen for det.

Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:

Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: hallo@gjengevoll.no

P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.