
Gjengevoll Pludrecast
Gjengevoll Pludrecast
103: Folk treng folk 💚
Det er Mari sin bursdag! Starten på dagen vart feira med vaflar og is til frukost i lag med gjengen på garden. No er det haust og hyggestemning på Gjengevoll. Vi reflekterer litt over kor kjekt det er å vera fleire på garden, og kor mykje lettare det er å gjera hyggelege ting utan å få dårleg samvit når vi er fleire som gjer det saman. Vi har framleis både dreng og praktikant buande hjå oss, og fellesskapen gjev meirsmak.
Mari har vore på nasjonal nettverkssamling for småskala marknadshagedyrkarar, og er kome heim med massevis av ny inspirasjon, kunnskap, og ikkje minst energi etter å ha møtt så mange fine og flinke folk "på ekte". Vi snakkar om viktigheita av å vera med andre menneske, heia på kvarandre og hjelpa kvarandre. Vi menneske er grunnleggjande sosiale vesen, noko som er lett å gløyma når ein driv gard åleine. Ein kan faktisk kjenna seg som eit heilt nytt menneske etter ei helg i lag med likesinna folk som vil ein godt. Så magisk!
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: hallo@gjengevoll.no
P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.