Gjengevoll Pludrecast

104: Høns, grisespekk og ull

October 31, 2022 Gjengevoll Mangesysleri Season 3 Episode 33
Gjengevoll Pludrecast
104: Høns, grisespekk og ull
Show Notes

Det er travle tider! Vi har framleis mykje foredling av haustens råvarer å gjera, og skal samstundes byrja på juleprodukta, medan vi også må gjera ferdig alt som skal gjerast i hagen før vinteren kjem. I tillegg er det mykje marknadar og salsarbeid for tida, samt at hausten er høgtid for kurs og faglege samlinger. Og vi har mange besøk på garden. Puh! 

I denne episoda pratar vi om høns som vert ete av rovfugl, om grisefeitt som ikkje stivnar og ikkje minst om ull! Det har nemleg vore ullveke her hjå oss, og Mari har vore på fleire arrangement. Har dei gjeve inspirasjon til korleis vi kan nytta ulla vår på garden framover?

Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:

Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: hallo@gjengevoll.no

P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.