
Gjengevoll Pludrecast
Kva inneber det å gje opp livet og karrieren i byen og flytta på landet for å verta småbrukarar? I Pludrecast, gardspodden til Gjengevoll Mangesysleri, kan du følgja Mari og Kjetil på deira reise frå byfolk til heilstøpte bønder. I podden pratar dei om å starta og driva gard, kvardagen og utviklinga på Mangesysleriet, og større tema som livet, forretningsutvikling, politikk og berekraftig matproduksjon.
Gjengevoll Pludrecast
106: Korleis går det?
•
Gjengevoll Mangesysleri
•
Season 3
•
Episode 35
Vi tek ei pause frå juleførebuingane for å pludra litt og ta ein fot i bakken. Korleis går det? Korleis har vi det? Ikkje så aller verst, eigentleg!
Alt går i perioder, men denne veka startar vi med eit friskt og litt lysare blikk framover. Energien tek seg opp, vi har trua, og snart er det jul.
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: hallo@gjengevoll.no
P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.