Gjengevoll Pludrecast

108: Hei 2023!

January 03, 2023 Gjengevoll Mangesysleri Season 4 Episode 1
Gjengevoll Pludrecast
108: Hei 2023!
Show Notes

Nytt år, nye moglegheiter!

Endeleg har vi komt oss hit - til 2023. Fjoråret er lagt bak oss og vi har komt oss heilskinna gjennom desember til januar, den rolege perioda. Sola har snudd, dagane vert lysare. Vi har pusterom, og vonleg snart energi til å byrja å leggja konkrete planar for året foran oss.

I denne episoda nemner vi nokre av dei viktigaste minnene vi har frå året som har gått. Som alle år hadde 2022 både opp- og nedturer. No ser vi fram til eit år som vonleg har endå meir lys, varme, frodigheit og ikkje minst spanande prosjekt. Vi gler oss til å sjå kva året har å by på!

Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:

Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: hallo@gjengevoll.no

P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.