
Gjengevoll Pludrecast
Kva inneber det å gje opp livet og karrieren i byen og flytta på landet for å verta småbrukarar? I Pludrecast, gardspodden til Gjengevoll Mangesysleri, kan du følgja Mari og Kjetil på deira reise frå byfolk til heilstøpte bønder. I podden pratar dei om å starta og driva gard, kvardagen og utviklinga på Mangesysleriet, og større tema som livet, forretningsutvikling, politikk og berekraftig matproduksjon.
Gjengevoll Pludrecast
111: Tente vi pengar i 2022?
•
Gjengevoll Mangesysleri
•
Season 4
•
Episode 4
Når vi no er godt i gang med eit nytt år, er det på tide å sjå på rekneskapen for i fjor. Og etter to år med oppstart og minus i rekneskapen, er vi veldig spente: vart 2022 året kor vi endeleg gjekk i pluss?
I denne episoda får du svar på spørsmålet, samt ein gjennomgang av kva for nokre produksjonar som har vore meir og mindre lønsame (eller har gått saftig i minus).
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: hallo@gjengevoll.no
P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.