Gjengevoll Pludrecast

113: Frø!

February 06, 2023 Gjengevoll Mangesysleri Season 4 Episode 6
Gjengevoll Pludrecast
113: Frø!
Show Notes

Vi har bestilt årets frø til hagen, og med det er hagesesongen 2023 i gang! Planen for kva som skal dyrkast i dei ulike beda er klar, og vi har eit ganske ambisiøst mål om alt som skal vera klart før plantene skal i jorda (mellom anna skal vi dyrka opp ein åker og gjera ferdig vårt nye plantefelt Sveits.) Vi snakkar litt om kva som vil vera dei viktigaste endringane i marknadshagedrifta vår i år samanlikna med i fjor.

Sjølv om det framleis er vinter og vi tek det roleg for å prøva å lada opp litt før sesongen er skikkeleg i gang, byrjar vi å sjå fram til tida foran oss og få piffen tilbake, noko du kanskje kan høyra av denne episoda.

Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:

Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: hallo@gjengevoll.no

P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.