
Gjengevoll Pludrecast
Kva inneber det å gje opp livet og karrieren i byen og flytta på landet for å verta småbrukarar? I Pludrecast, gardspodden til Gjengevoll Mangesysleri, kan du følgja Mari og Kjetil på deira reise frå byfolk til heilstøpte bønder. I podden pratar dei om å starta og driva gard, kvardagen og utviklinga på Mangesysleriet, og større tema som livet, forretningsutvikling, politikk og berekraftig matproduksjon.
Gjengevoll Pludrecast
114: Gjer du plass for dei store steinane?
•
Gjengevoll Mangesysleri
•
Season 4
•
Episode 7
Denne veka titter vi raskt innom for å gi ein oppdatering på korleis det går med hønseflokken vår (vi har hatt storslakt), og for å fortelja ei lita historie om steinar, sand og vatn.
Dagens oppmoding er å tenkja gjennom kva du fyllar glaset ditt med. Fyllar du på med dei store steinane fyrst, eller fyller du på med vatn slik at det ikkje vert plass til noko anna?
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: hallo@gjengevoll.no
P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.