Gjengevoll Pludrecast

115: Kva gjer du når partnaren din ikkje vil handla på REKO?

February 20, 2023 Gjengevoll Mangesysleri Season 4 Episode 8
Gjengevoll Pludrecast
115: Kva gjer du når partnaren din ikkje vil handla på REKO?
Show Notes

Det å handla på REKO eller handla direkte frå bonden er eit verdival folk tek av ulike grunnar, mellom anna miljømessig berekraft, dyrevelferd, rettferdig inntekt til bonden, rein mat og helse.

Men kva gjer ein når ein har ein partnar som ikkje støttar ein i vala og prioriteringane ein gjer omkring mat? Kva gjer ein når han eller ho ikkje tykkjer desse temaa er like viktige som ein sjølv?

I dag pratar vi om eit komplekst og vanskeleg tema med mange spørsmål: Kva er det som gjer at vi menneske endrar oss? Kan andre menneske endra oss, eller må vi ønska det sjølv? Kva skjer når vi er ueinige eller har ulike verdisett? Går det an å finna kompromiss? 

Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:

Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: hallo@gjengevoll.no

P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.