Gjengevoll Pludrecast

117: Engasjer deg! (a.k.a. tilskot til marknadshagar)

March 07, 2023 Gjengevoll Mangesysleri Season 4 Episode 10
Gjengevoll Pludrecast
117: Engasjer deg! (a.k.a. tilskot til marknadshagar)
Show Notes

Korleis påverka systemet? Korleis endra verda?

I dag snakkar vi om det å engasjera seg for å forandra jordbrukspolitikken. Vi snakkar om systemet slik det er i dag, kva som er gale med det og kva som gjer at du kanskje skal engasjera deg likevel - nettopp fordi det trengst å forandrast.

Mari fortel om helgas årsmøte i fylkeslaga til Hordaland og Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag. Der vart det vedteken ei felles uttale der vi kravde at det må innførast eit nytt tilskot til marknadshageproduksjon.

Per i dag er dette berre ei uttale - ei meining til to fylkeslag i ein organisasjon. Men om fleire kringom i landet engasjerer seg og foreslår det same, så kan det verta nasjonal politikk og til slutt  ein realitet. Men det er altså avhengig av éin ting: folk som engasjerar seg.

Så vekas episode er ei lang oppmoding til at nettopp DU engasjerar deg, uansett om du er bonde eller ikkje, uansett om du er proff produsent eller berre dyrkar grønsaker til deg sjølv, eller berre har eit generelt ønske om at det skal koma fleire lokale grønsaksprodusentar kringom i landet.

Det er ikkje nok å berre tykkje at dette er ein god idé og vona at nokon andre fiksar det. Alle gode endringar i verda skjer som ei følgje av at folk faktisk gjer noko. Vi må gå saman for å endra systemet, både frå utsida OG frå innsida.

Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:

Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: hallo@gjengevoll.no

P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.