Gjengevoll Pludrecast

121: Trillingar!

April 17, 2023 Gjengevoll Mangesysleri Season 4 Episode 14
Gjengevoll Pludrecast
121: Trillingar!
Show Notes

Lamminga er over halvvegs, og det går unna i fjosen. Vi har fått mange fleire lam enn i fjor (og våre fyrste trillingar) og snakkar litt om kvifor lammetala varierer frå år til år. Vi kårer også dei beste sauemødrene våre, snakkar om riggen i fjosen og om beiting, parasittar og helse.

Elles er det sjukt fine dagar for tida, noko som passar veldig godt sidan det er mykje å gjera ute i hagen. I helga hadde vi dugnad og fekk tatt nokre sjumilssteg i riktig retning fram mot å få plantene skal i jorda, men det er framleis masse å gjera og berre tida og vegen.

Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:

Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: hallo@gjengevoll.no

P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.