Gjengevoll Pludrecast

122: Bønder, arbeidarar og kampen for like rettar

May 01, 2023 Gjengevoll Mangesysleri Season 4 Episode 15
Gjengevoll Pludrecast
122: Bønder, arbeidarar og kampen for like rettar
Show Notes

Nyheit! Påmeldinga til kurset vårt den 19.-21. mai, introduksjonskurs for småbrukarar og mangesyslarar, har opna. Les meir og meld deg på her: https://gjengevoll.no/introduksjonskurs-for-mangesyslarar/ 

Gratulerer med dagen! I dag er det 1. mai, og vi feirer kampen for eit rettferdig samfunn med å snakka om jordbruksoppgjeret og bøndene sin kamp for ei anstendig inntekt.

Kva har skjedd med forhandlingane så langt i år? Kva er ståa? Er kravet høgt eller lågt? Kven kjempar for retten til å definera sanninga?  Det og mykje meir kjem vi innom i denne episoda, for alle dykk som ikkje heilt har fått med seg kva alt bråket går ut på.

Vi feirer óg at vi er ferdig med lamminga og ha 20 flotte og sunne lam i fjosen. Også så startar vi episoda med ein liten rant om korleis musa har tatt for seg av småplantene våre, slik at vi er nøydd til å så mykje om att.

Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:

Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: hallo@gjengevoll.no

P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.