Gjengevoll Pludrecast

125: Bryllup!

June 19, 2023 Gjengevoll Mangesysleri Season 4 Episode 18
Gjengevoll Pludrecast
125: Bryllup!
Show Notes

Vi lever!

Jada, vi er her framleis og alt går sin gang på mangesysleriet. Men i tillegg til våronna har det vore litt ekstra mykje for oss å tenkja på dei siste vekene, for vi har samstundes jobba med å førebu oss til BRYLLUP.

Er vi ikkje allereie gift, tenkjer du kanskje. Jo, det er vi, men festen fekk vi aldri hatt, og dei fleste fekk ikkje med seg at vi gifta oss heller, for det skjedde i smug i februar 2020. Så kom koronaen, den store feiringa måtte utsetjast, og så flytta vi på gard og hadde meir enn nok med å tenkja på det eit par år.

Men no er vi endeleg her, tre år på etterskot, og jobbar med å gjera alt klart til ein skikkeleg fest. Til helga feirer vi tre dagars midtsommarbryllup på garden med nesten sytti gjestar.

Vi er smått overvelda og podcasten er ein av dei tinga so har vorte nedprioritert i denne perioda. Tusen takk for at du heng med oss, vi kjem sterkare tilbake! Ha ein nydeleg midtsommar og nyt dei lyse dagane fram til vi høyrast igjen.

Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:

Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: hallo@gjengevoll.no

P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.