Gjengevoll Pludrecast

126: Tilbake til ein slags kvardag

July 10, 2023 Gjengevoll Mangesysleri Season 4 Episode 19
Gjengevoll Pludrecast
126: Tilbake til ein slags kvardag
Show Notes

Vi har kome oss heilskinna gjennom både bryllup og bryllupsreise, og har no vendt tilbake som nesten nye menneske. Halleluja!

I denne episoda får du høyra mest om korleis bryllupet og den store bryllupsfesten vår var (spoiler alert: alt vart heilt fullstendig magisk), men óg litt om den korte, men deilige bryllupsreisa + og tida etterpå. 

Vi har til dømes hausta vår aller fyrste sommarhonning og er no litt meir engasjert over bieprosjektet vårt enn vi var for kunn ein månad sidan.

Vi snakkar óg litt om dei spanande tinga som skjer framover, og avhengig av kva tid du høyrer på denne episoda, kan du lesa meir om dei her:

  • PUSTEROM: Ein retreat frå 17.-20. juli: https://gjengevoll.no/pusterom
  • Sommarkafé kvar sundag frå 16. juli - 13. august: https://www.facebook.com/events/637995621589091/637995631589090?ref=newsfeed
  • Introduksjonskurs for mangesyslarar 8.-10. september: https://gjengevoll.no/introduksjonskurs-for-mangesyslarar/


Og for å vita meir om Mari sin coaching og melda deg på nyheitsbrev, kan du gå her https://subscribepage.io/regenerativtliv



Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:

Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: hallo@gjengevoll.no

P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.