Gjengevoll Pludrecast

129: Utstyr og lagringsplass

August 28, 2023 Gjengevoll Mangesysleri Season 4 Episode 22
Gjengevoll Pludrecast
129: Utstyr og lagringsplass
Show Notes

Velkomen tilbake! Mari har vore fleire veker borte kjenst det ut som, på kurs og på fjelltur, men no byrjar kvardagen og hausten å slå inn.

I dag er hovudtemaet (og frustrasjonen) lagringsplass, eller mangel på det, og tendensen mange (og kanskje særleg bønder) har til å samla opp ting. Mykje er ting som trengst i drifta, og særleg når ein er eit mangesysleri har kvar periode av året sine ting og sine verktøy som stadig skal hentast fram.

For eit ryddig ordensmenneske kan det i seg sjølv by på sine utfordringar, men når ein - som oss - har påfallande stor mangel på fornuftig lagringsplass, kan det i alle fall vera vanskeleg. For korleis skal vi klara å ha ein kvardag og eit liv der ikkje alt berre er kaos?

Ein skulle ikkje tru at mangel på plass var ein utfordring når ein har gard, men behovet for å få meir system og lagringsplass er absolutt noko som kjem til å trenga seg fram i tida og årene som kjem.

Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:

Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: hallo@gjengevoll.no

P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.