Gjengevoll Pludrecast

130: Jazzkonsert og Bergen matfestival

September 04, 2023 Gjengevoll Mangesysleri Season 4 Episode 23
Gjengevoll Pludrecast
130: Jazzkonsert og Bergen matfestival
Show Notes

Vi er godt slitne og legg ei innhaldsrik veke bak oss idet vi kan sjå tilbake på ei helg med både matfestival i Bergen og konsert på garden.

Det er fyrste gong vi deltek på Bergen matfestival i år, som arrangerast for 24. gong. Vi går gjennom korleis vi førebudde oss, korleis standen såg ut, kva ein må tenkja på når ein står på marknad, og kva for type varer som selte bra. Alt i alt var det ei positiv oppleving og vi skulle gjerne stått der på laurdagen og!

Då hadde vi imidlertid allereie planar om å ha konsert på garden, så laurdagen gjekk med til å rydda, laga mat og stella i stand til det. Vi snakkar om logistikken og økonomien i det å arrangera konsert - dette er noko vi har lyst til å gjera meir av, men vi må få det til å smaka litt betre.

Denne veka har også gardsdrengen vår Sigrid reist heim til Danmark for godt, så no må vi bli vant til tilveret med berre to på garden igjen.

Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:

Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: hallo@gjengevoll.no

P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.