Gjengevoll Pludrecast

131: Vårt fyrste mangesyslar-kurs 🤩

September 18, 2023 Gjengevoll Mangesysleri Season 4 Episode 24
Gjengevoll Pludrecast
131: Vårt fyrste mangesyslar-kurs 🤩
Show Notes

Vi har gjennomført vårt fyrste introduksjonskurs for mangesyslarar!

Vi samla ein ordentleg triveleg gjeng med ulike folk som hadde det til felles at dei ønsker seg eit annleis og naturnært liv utanfor hamsterhjulet. Vi jobba, snakka, draumte og delte tankane våre ei heil helg i lag, og stemninga var heilt nydeleg.

Dette gav meirsmak, og no tenkjer vi på korleis vi kan tilby fleire kurs framover og vidareutvikla konseptet.

Elles: No er det haust, og med det kjem klipping, utrangering, slakt og planlegging av paring og vinterfôring for sauene. Plutseleg! 

Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:

Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: hallo@gjengevoll.no

P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.