Gjengevoll Pludrecast

132: Farvel, Fride

October 02, 2023 Gjengevoll Mangesysleri Season 4 Episode 25
Gjengevoll Pludrecast
132: Farvel, Fride
Show Notes

I går sendte vi avgarde årets lam og sauer til slakt. Der vi tidlegare år har slakta ganske få dyr sidan vi har bygd opp flokken, slaktar vi i år ganske mange: sytten stykk. Og blant dei er nokre av dei vaksne sauene og. I denne episoda tek vi særleg farvel med gjerdehopparen Fride, dottera hennar Aurora og fjorårets flaskelam Valeria. Fride har vore med oss frå start, og det er ekstra tungt å ta avskjed med dei som har fått ein spesiell plass i hjartet.

På den positive sida, har Mari fått bilen sin tilbake frå verkstaden og er tilbake på trening igjen for fyrste gong på tre (!) månadar. Framover ser ho fram til ein litt meir balansert og energisk kvardag.

Og! I helga var vi på bondens marknad i Bergen for fyrste gong. Oppsummert: Vått og vindfylt!

Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:

Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: hallo@gjengevoll.no

P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.