
Gjengevoll Pludrecast
Kva inneber det å gje opp livet og karrieren i byen og flytta på landet for å verta småbrukarar? I Pludrecast, gardspodden til Gjengevoll Mangesysleri, kan du følgja Mari og Kjetil på deira reise frå byfolk til heilstøpte bønder. I podden pratar dei om å starta og driva gard, kvardagen og utviklinga på Mangesysleriet, og større tema som livet, forretningsutvikling, politikk og berekraftig matproduksjon.
Gjengevoll Pludrecast
69: Julemarknad
•
Gjengevoll Mangesysleri
•
Season 2
•
Episode 45
Det bakast lefser og kokast karamellar, og i helga har vi vore på superkoseleg julemarknad i Bergen. No er vi godt inn i adventstida, og det betyr at det kunn er veker om å gjera før vi er ferdig med juleinnspurten og kan ta ferie. Det ser vi fram til, men vi prøver også å ha litt julekos undervegs.
Har du lyst til å høyra Mari sin yndlingsjulemusikk, kan du søkja opp spelelista "All den fine julemusikken" på Spotify :)
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: hallo@gjengevoll.no