
Gjengevoll Pludrecast
Kva inneber det å gje opp livet og karrieren i byen og flytta på landet for å verta småbrukarar? I Pludrecast, gardspodden til Gjengevoll Mangesysleri, kan du følgja Mari og Kjetil på deira reise frå byfolk til heilstøpte bønder. I podden pratar dei om å starta og driva gard, kvardagen og utviklinga på Mangesysleriet, og større tema som livet, forretningsutvikling, politikk og berekraftig matproduksjon.
Gjengevoll Pludrecast
70: Det heile mennesket
•
Gjengevoll Mangesysleri
•
Season 2
•
Episode 46
I dag skraper vi i overflata på eit stort tema, nemlig det heile mennesket. Kva er det, og kva er det vi treng for å kjenna oss heile? Det er jo langt meir til livet enn jobb, produktivitet og prestasjonar. Men kva er det som gjev oss overskot og påfyll? Korleis skapa rom for refleksjon, ro og kreativitet? Kva er åndelegheit og korleis kan vi tillata meir av det i dagleglivet? I denne episoda kjem vi innom alle desse temaa og endå litt fleire.
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: hallo@gjengevoll.no