
Gjengevoll Pludrecast
Kva inneber det å gje opp livet og karrieren i byen og flytta på landet for å verta småbrukarar? I Pludrecast, gardspodden til Gjengevoll Mangesysleri, kan du følgja Mari og Kjetil på deira reise frå byfolk til heilstøpte bønder. I podden pratar dei om å starta og driva gard, kvardagen og utviklinga på Mangesysleriet, og større tema som livet, forretningsutvikling, politikk og berekraftig matproduksjon.
Gjengevoll Pludrecast
71: Jul 🎄
•
Gjengevoll Mangesysleri
•
Season 2
•
Episode 47
Vi klarte det! No er det jul, og skuldrane kan senka seg for ei stund. Vi er ferdig med alle utleveringar for i år og er klare for å seila mjukt inn i høgtida og det nye året.
Sola har snudd, det går mot lysare tider og snart er vi klare for å byrja planlegginga av 2022. Fram til det skal vi gjera minst mogleg og vonar du skal det same. Takk for følgjet i år, og snakkast til neste år (etter eit par vekers podcastpause)!
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: hallo@gjengevoll.no