Planteplanen for årets hagesesong er klar, vi har fått mesteparten av frøa våre i posten og er gira for ein ny dyrkesesong! I denne episoda går vi gjennom dei overordna planane våre, kva vi skal dyrka kor, og kva som vert dei største endringane frå i fjor. Vi snakkar òg om nye salskanalar og korleis vi planlegg å diversifisera produksjonen og inntektene. Dei grøne fingrane kriblar og vi gler oss!
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: hallo@gjengevoll.no