Gjengevoll Pludrecast

74: Sårbarheit og beredskap

January 31, 2022 Gjengevoll Mangesysleri Season 3 Episode 3
Gjengevoll Pludrecast
74: Sårbarheit og beredskap
Show Notes

Nett no er det ein likviditetskrise i landbruket som følge av ekstrem prisauke på gjødsel, kraftfôr, straum og andre varer som landbruket er avhengig av. Fleire bønder står i ein akutt situasjon med kreditorer på døra og personleg konkurs rundt hjørnet.

Korleis hamna vi der? Kva er årsaka til at vi har eit landbruk som er så sårbar for internasjonale svingningar? Og kva kan gjerast for å endra det? 

Vi pratar om sårbarheit og beredskap både på samfunnsnivå og på gardsnivå. Vi avsluttar med ein diskusjon om korleis vi vil gjera garden vår meir robust, og vi kjem med ein overraskande nyheit.

Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:

Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: hallo@gjengevoll.no