
Gjengevoll Pludrecast
Kva inneber det å gje opp livet og karrieren i byen og flytta på landet for å verta småbrukarar? I Pludrecast, gardspodden til Gjengevoll Mangesysleri, kan du følgja Mari og Kjetil på deira reise frå byfolk til heilstøpte bønder. I podden pratar dei om å starta og driva gard, kvardagen og utviklinga på Mangesysleriet, og større tema som livet, forretningsutvikling, politikk og berekraftig matproduksjon.
Gjengevoll Pludrecast
81: Nedpå dagar og lyttargeografi
•
Gjengevoll Mangesysleri
•
Season 3
•
Episode 10
Det går opp og ned i livet, og kvardagene er ikkje like. Kvifor er det så vanskeleg å akseptera at vi ikkje alltid er på topp? Det pratar vi litt om i dag. Vi snakkar også om kor lyttarane våre er i verda, vi deler eit boktips og snakkar om saueklypping.
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: hallo@gjengevoll.no