Gjengevoll Pludrecast
Gjengevoll Pludrecast
118: Endring og utvikling
Vi startar vekas episode med å takka for alle dei gode meldingane vi har fått sidan førre veke.
Det å få lov til å inspirera og påverka til å skapa ei felles rørsle av engasjerte jordbrukarar, sjølvbergarar, mangesyslarar og bevisste forbrukarar er eit privilegium.
Vi snakkar og om det å stadig læra og utvikla seg som bonde og som menneske. Vi er alltid i endring, og dei tinga vi trudde vi visste, er under konstant revisjon. Det er ikkje ein svakheit, men ein stor styrke å tilpassa seg etter kvart som ein får ny kunnskap.
Vi snakkar også litt om det evige temaet om å finna balanse. Balanse mellom å gjera og å vera, mellom det å vera effektiv og det å ta seg tid, og korleis vi navigerer den evige reisa på veg mot å gjera livet stadig litt betre. Det er ei oppgåve som aldri vert ferdig, men det er jo kanskje også litt av det som gjer det gøy.
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: hallo@gjengevoll.no
P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.