Gjengevoll Pludrecast
Gjengevoll Pludrecast
120: Lamming og spanande nyhende
Vi har ein fjos full av høggravide søyer! I denne episoda fortel vi om korleis påska vår har vore, og koreis lamminga har gått så langt. Dei fleste lamma gjenstår, og dagane og nettene våre går no med til jamnlege turer til fjosen.
Vi deler og nokre spanande nyhende: Vi skal ha vårt aller fyrste kurs på garden! Himmelfartshelga, 18.-20. (eller 21.,) køyrer vi vår fyrste pilot-runde med vårt heilt nye inkubator-kurs for mangesyslarar. Dette vert eit dybdekurs der vi jobbar med deg som har ein draum om livet på landet og ønsker å få støtte, råd og konkrete verktøy for å ta dine fyrste steg i retning av draumen, i lag med andre i same situasjon.
Hald av datoane, meir info og opning for påmelding kjem snart :)
Mari har også lansert sin nye nettside, organisasjonshjelp.no! Viss du treng hjelp til kursing, møteleiing, tekst- og innhaldsproduksjon, strategiprosessar, synlegheit eller anna, ta ein kikk og ta kontakt.
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: hallo@gjengevoll.no
P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.