Gjengevoll Pludrecast
Kva inneber det å gje opp livet og karrieren i byen og flytta på landet for å verta småbrukarar? I Pludrecast, gardspodden til Gjengevoll Mangesysleri, kan du følgja Mari og Kjetil på deira reise frå byfolk til heilstøpte bønder. I podden pratar dei om å starta og driva gard, kvardagen og utviklinga på Mangesysleriet, og større tema som livet, forretningsutvikling, politikk og berekraftig matproduksjon.
Gjengevoll Pludrecast
124: Minisagbruk og ny åker
•
Gjengevoll Mangesysleri
•
Season 4
•
Episode 17
No er det snart 1. juni og fyrste sommarmånad!
Kjetil er veldig nøgd med å ha fått eit minisagbruk i posten, slik at vi no kan saga våre eigne plank og materialar. Vi snakkar litt om korleis det funkar.
Vi snakkar óg litt om sjeldne potetsortar, dyrking av korn, framskritta i hagen og ikkje minst den nye åkeren vi held på å anleggja no midt i våronna.
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: hallo@gjengevoll.no
P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.