Gjengevoll Pludrecast

127: Årenes rytme, blomar og heilt mundane ting

Gjengevoll Mangesysleri Season 4 Episode 20

Juli går inn i august og årstidene kverner sin vante gang. Det er framleis sommar, men seinsommaren har ei annan kjensle, ei anna luft og eit anna lys enn forsommaren.

Vi har relativt god piff og er relativt optimistiske for tida som kjem, samstundes som vi førebur oss på at tempoet frå sommaren skal gli over i haust-tempo.

Vi snakkar litt om årstider og korleis det å bu på gard har endra vårt syn på kva tid året startar og slutter. Vi pratar óg om retreaten vi arrangerte, ting som skjer til hausten og tek ein liten fot i bakken om drifta vår slik ho er no. Og sjølvsagt pratar vi litt om blomar, for no er dei her!

Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:

Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: hallo@gjengevoll.no

P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.