Gjengevoll Pludrecast
Gjengevoll Pludrecast
128: Debiorevisjon
Vi har hatt vår fyrste debiorevisjon! Det var mykje trivelegare og mykje mindre skummelt enn det vi såg for oss som relativt ferske øko-bønder.
No har vi (framleis) økologiske grønsaker, urter og ville vekster, og til hausten vert det økologisk sauekjøt og også fleire økologiske foredla produkt.
Elles er framleis ei av årets største nøtter (og årets største frustrasjonar) å finna ut av ein beiterigg som funkar for oss. Vi har i år gått for nofence som gjerde i det målretta beitet, men det er fleire ting som gjer det vanskeleg, mellom anna at nofence ikkje har fungert som det skal. No ser vi på ein stor jobb med å gjerda heile eigedomen med fysiske gjerder, eit arbeid og ein kostnad vi ikkje har tatt høgde for.
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: hallo@gjengevoll.no
P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.