Gjengevoll Pludrecast
Kva inneber det å gje opp livet og karrieren i byen og flytta på landet for å verta småbrukarar? I Pludrecast, gardspodden til Gjengevoll Mangesysleri, kan du følgja Mari og Kjetil på deira reise frå byfolk til heilstøpte bønder. I podden pratar dei om å starta og driva gard, kvardagen og utviklinga på Mangesysleriet, og større tema som livet, forretningsutvikling, politikk og berekraftig matproduksjon.
Gjengevoll Pludrecast
133: Vi lever!
•
Gjengevoll Mangesysleri
•
Season 4
•
Episode 26
Ja, vi er her framleis, skjønt det har vore stilt frå denne kanten ei stund.
Det har vore ein del som har skjedd, mellom anna ein del farting fram og tilbake og mykje introspeksjon, men no er vi i gong med juleinnspurten og all bakinga som skal gjerast fram mot jul.
Elles:
Mari har vunne EM i kor!
Vi har flytta hønsa ut i drivhuset for vinteren.
Og vi held på å rydda og mala litt i huset.
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: hallo@gjengevoll.no
P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.