Gjengevoll Pludrecast

140: Påske 🐣

Gjengevoll Mangesysleri Season 5 Episode 5

Hei vår og hei april! Vi har hatt ei god og innhaldsrik påske kor vi har kome nokre dugelere skritt vidare til å verta klare til sesongen. 

Om tre veker startar lamminga, og målet er å få gjort så mykje som mogleg av det som hastar mest før den tid kjem. Det er ei kamp mot klokka å få hagen klar og logistikken på plass før alle plantene skal ut og alt allereie er overgrodd. 

Nytt i år er at vi oppskalerer eggeproduksjonen og har mål om å byrja å ha hønsa på beite rundt omkring på eigedomen. No er dei gamle hønsa i drivhuset og 40 nye høner i fjøset, og begge deler må tømmast i løpet av dei neste vekene, så då må vi byggja ferdig dei mobile hønsehusa dei skal bu i. Travle tider!

Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: hallo@gjengevoll.no

P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.