
Gjengevoll Pludrecast
Kva inneber det å gje opp livet og karrieren i byen og flytta på landet for å verta småbrukarar? I Pludrecast, gardspodden til Gjengevoll Mangesysleri, kan du følgja Mari og Kjetil på deira reise frå byfolk til heilstøpte bønder. I podden pratar dei om å starta og driva gard, kvardagen og utviklinga på Mangesysleriet, og større tema som livet, forretningsutvikling, politikk og berekraftig matproduksjon.
Gjengevoll Pludrecast
68: Adventsgrisungar og OST 2.0!
•
Gjengevoll Mangesysleri
•
Season 2
•
Episode 44
Vi har fått grisungar! Det vil sei, Annabelle har fått grisungar. Vi berre beundrar dei og koser på dei. Beatrix held også på å grisa akkurat no (!), så snart har vonleg alle dei nye komt til verda og ligg og kosar seg i halmen i grisehytta.
Forutan grisungar pratar vi denne gongen om ost og gjev ei lita oppsummering av det Mari lærte på ystekurs. (Har du lyst til å høyra episoda frå førre kurs, sjekk episode 16.) Vi pratar om forskjellige typer ostar, om bakterier, kultivering av bakteriekulturer og pasteurisering vs ikkje pasteurisering.
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: hallo@gjengevoll.no